tirsdag 4. september 2012

Ikkje akkurat strikking, men...

Lappeteppe sett saman av bestemorruter. Dette teppet vart hekla på seinvinteren/tidlig vår. Kjempefine rosa- og lillafargar, veldig jentete og friskt. Teppet er ganske stort, ca 145 x 200 cm.

Teppet vart selt for 1850,-, og får forhåpentligvis ein fin heim der det blir mykje brukt!


mandag 3. september 2012

Ein annan vri på selbu-vottar

Vottar til mi kjære mor! Strikka i babyull, slik at dei skulle være både mjuke og varme. Botnfargen er lilla, men fargetonen på biletet er meir blåaktig. Uansett, eg har no ei veldig fornøgd mor :)